Ivelandsbunaden - et vakkert skue!
Iveland kommune
Kvinnebunaden klar til 17. mai:
No nærmar det seg 17. mai igjen og bunaden skal snart på. Har du ein bunad som heng i skåpet, men ikkje passer lenger? Eller kanskje du ikkje har bunad, men kunne tenke deg å skaffe deg ein?
Viss du treng å sy ut eller inn ein bunad, så ta gjerne kontakt med oss i bunadsnemnda og sjekk om me har kapasitet før 17. mai.
Lomme til Ivelandsbunaden
Privat
Kvinnebunad 2025; suppleringskurs høsten 2024:
Eller kanskje du vil ha ein ny bunad til 17. mai neste år? Me har kapasitet til å sy! Ta gjerne kontakt!
Om du vil sy sjølv så held me fram med kurs til hausten, då blir det suppleringskurs til kvinnebunad der du kan lære å sy lomme, hovudplagg og andre småting til bunaden din. Det går også an å bli med på dette kurset som ny, så kjem resten av bunaden etter kvart.
Ta gjerne kontakt om du er interessert eller vil vite meir om noko av dette!
Mannsbunad; kurs starter høsten 2024:
Dei siste åra har det vore fokus på kvinnebunaden og kurs i å sy den, men no begynner me å komme litt meir i gang med mannsbunaden også.
No begynner me endeleg med kurs i mannsbunad også denne hausten, då blir det i første omgang å sy bukse. Er du interessert i å sy sjølv, eller vil du kjøpe ein bunad?
Enten du vil gå på kurs, bestille bunad eller berre snakke med oss om dette for å finne ut meir, så ta gjerne kontakt!
Uansett kva det gjeld, kvinnebunad eller mannsbunad, ta gjerne kontakt: